City of London
City of London | |||
grevskap | |||
Motto: Domine dirige nos (Herre, rettlei oss) | |||
Land | England | ||
---|---|---|---|
Region | Stor-London | ||
Status | Sui generis; by og seremonielt grevskap | ||
City of London 51°30′56″N 0°05′35″W / 51.515555555556°N 0.093055555555556°W | |||
Kart som viser City of London.
| |||
Wikimedia Commons: City of London |
City of London (ofte kalla City, men ikkje til å forveksla med metropolen London) er ein sjølvstendig by i England. Byen blei grunnlagd av romarane i det første hundreåret e.Kr.
City blir rekna som finanssenteret i Storbritannia. Byen har berre rundt 8 000 innbyggjarar, og etter kontortid er det ikkje mykje som skjer der, men i arbeidstida er det meir enn 300 000 som oppheld seg på det litle området.
Byen har ein unik politisk status med grunnlag i ei rekkje privilegi tildelt av den britiske monarken gjennom hundreår. Den har stor grad av fridom frå andre myndigheiter, fordi den har status som eit grevskap. City blir styrt av City of London Corporation, ført an av ein overborgarmeister, Lord Mayor of London (i motsetning til London som blir leia av Mayor of London). Valsystemet er eineståande: forretningsmenn har stemmerett, og fordelinga av stemmer per valdistrikt er svært ujamn. Byen driv fem skular og har sin eigen politistyrke, City of London Police.
City har to sjølvstendige enklavar – Inner Temple og Middle Temple. Den har også eit tal eksklavar utanfor sine grenser: 8 friareal (parker, skogar og allmenningar) i og rundt London.
Historie
- For meir om dette emnet, sjå Historia til London.
Romarane skipa busetnaden Londinium på området der dagens City of London ligg rundt år 43. På sitt største hadde byen eit innbyggjarar tal på rundt 45 000–60 000. Allereie frå byrjinga stamma innbyggjarane frå mange ulike stader i Romarriket, inkludert britiske innfødde, kontinentaleuropearar og folk frå Midtausten og Nord-Afrika.[1] Romarane bygde ein bymur ein gong mellom 190 og 225. Dei romerske bygrensene likna mykje på grensene for City of London i dag, men Londinium gjekk ikkje lenger vest enn Ludgate eller Fleet, og Themsen var vidare enn i dag. Romarane bygde ei bru over elva så tidleg som i år 50, nær der ein i dag finn London Bridge.
Kollektivtransport
Kollektivtransporten i City of London blir drive av Transport for London, og er fullt ut integrert i kollektivsystemet til Stor-London. Dei følgjande stasjonane ligg i eller rett utanfor City.
Jernbanestasjonar
- Barbican stasjon
- Blackfriars stasjon
- Cannon Street stasjon
- City Thameslink stasjon
- Fenchurch Street stasjon
- Liverpool Street stasjon
- Moorgate stasjon
Undergrunnsstasjonar
- Aldgate undergrunnsstasjon
- Bank og Monument stasjoner
- Barbican stasjon
- Cannon Street stasjon
- Chancery Lane undergrunnsstasjon
- Farringdon stasjon
- Holborn undergrunnsstasjon
- Liverpool Street stasjon
- Mansion House undergrunnsstasjon
- Moorgate stasjon
- St. Paul's undergrunnsstasjon
- Temple undergrunnsstasjon
- Tower Hill undergrunnsstasjon
Docklands Light Railway
Kjelder
- Delar av denne artikkelen bygger på «City of London» frå Wikipedia på engelsk, den 24. november 2018.
- ↑ DNA study finds London was ethnically diverse from start, BBC, 23 November 2015